Den burtkomne Faderen

av Arne Garborg

XXVIII.

Ein Skriftefâr kunde lyfta av meg mine tunge Minne.

Ein klok, fin Mann, som kjende Verdi og Live og Hjarta vaart, og som ein torde tala ut med, kunde gjera det. Men kor finn eg ein slik. Protestantarne hev berre Teologar. Og ein framand forstod meg ikkje.

Men so tenkjer eg: i Grunnen er alle framande. Det er ikkje paa Jordi tvo som talar det same Maal. Kvar legg sitt i Ordi; dei talar med dei same Ord um kvar sine Ting. Og eg veit ikkje kva det som eg segjer vert til i Heilen aat den som eg segjer  66det til. Eg vil ikkje hava nokon Skriftefâr.

Eg vil vera sterk.

Den vise segjer til Baane: du er stor; og til sitt Kvende: du er ein Engel; og til sin Ven: treng du Mynt? og til Folke: Hurra. Men treng han aa lette sitt Hjarta med eit sant Ord, so læserlæser] presens av låsa han seg inn attum tri Laas, og kviskrar Orde med Hand yvi Munn, at ingen skal høyra det utan den einaste som han veit forstendforstend] presens av forstanda: forstå det.

Difor talar alle gamle Folk med seg sjølve. Dei hev i eit langt Liv lært det.

Ein lærer so lengi ein lever; og kvar Lærdom er ei ny Sorg. Og kvar Sorg ei ny Kraft. Men ingen er utlærd, fyrr han hev lært aa tigja.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Den burtkomne Faderen

Kommentert utgave ved Gudleiv Bø. Teksten er basert på 1. utgave fra 1899 og Bø presenterer teksten slik den var opprinnelig, både språklig og innholdsmessig.

Arne Garborg var en dikter som ikke var redd for å gjøre endringer i bøkene sine. Den burtkomne Faderen kom ut fem ganger i Garborgs levetid og i alle var det endringer fra forrige utgave. Rettelsene gjaldt ikke bare språket, Garborg endret også innholdet i teksten ganske drastisk; i forbindelse med utgivelsen av Skriftir i Samling 1909 ble det for eksempel lagt til fire nyskrevne kapitler.

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.