Den burtkomne Faderen

av Arne Garborg

XVII.

Furten er ikkje Bror min. Rett som det er ser han her inn, og er som det aldri skulde ha falle eit Ord imillom oss.

Det skal vera Kristendom. Men eg tenkjer med meg: han vart vel annleis mot meg, um han hadde Greide paa meg.

40Der er Strid um han allstad. Her i Huse er Mannen mot han og Kona med han. «Det er ein Luring som alle heilage», segjer Mannen. Kona svarar ikkje paa det; men til meg segjer ho: «han er kje som dei andre.» Og smilande legg ho til: «han hev Raad for alt; meg lærde han aa tukta Mannen min.» «So? Var Mannen din so lei?» «Han var eit Troll!» «Kva Raad fekk du for det daa?» «Eg skulde setja mi Glede i aa gjera meir enn min Skyldnad.» «Og det hjelpte?» «Ja paa Resten hjelpte det.» Og ho fortel meg mykje godt um Bror min.

Mangt hev han vori uti, og mangeleis vert han dømd. Vanlegt Folk segjer det vanlege: han er galen. Dei gudelege segjer: han hev Djevelen. Men sùme held han for ein Profet. For han ofra for Guds Skuld alt han hadde kjært; og no sìt han paa si Heid og lever av sitt Stræv; og han gjeng um og gjer vèl mot all den 41Naud han kann naa; for han tener Meisteren.

Og Folk av alle Slag søkjer han, helst i Løynd, og fær Raad og Rettleiding um laagt og um høgt; og i Grunnen trur alle at han er noko framifraa.

Eg maa faa Greide paa han. Men eg skynar no, at um det skulde henda att ein møtte noko godt paa Jordi, so vilde ein ikkje lett kunna skilja det fraa Galenskap eller meinsløgmeinsløg] vondskapsfull List.

For det gode er utrulegt.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Den burtkomne Faderen

Kommentert utgave ved Gudleiv Bø. Teksten er basert på 1. utgave fra 1899 og Bø presenterer teksten slik den var opprinnelig, både språklig og innholdsmessig.

Arne Garborg var en dikter som ikke var redd for å gjøre endringer i bøkene sine. Den burtkomne Faderen kom ut fem ganger i Garborgs levetid og i alle var det endringer fra forrige utgave. Rettelsene gjaldt ikke bare språket, Garborg endret også innholdet i teksten ganske drastisk; i forbindelse med utgivelsen av Skriftir i Samling 1909 ble det for eksempel lagt til fire nyskrevne kapitler.

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.