Den burtkomne Faderen

av Arne Garborg

Innleiing

Tekst i vekst – frå Den burtkomne Faderen til Den bortkomne Faderen

Den burtkomne Faderen kom ut 11. november 1899. I eit brev frå januar 1900 skreiv Arne Garborg (1851–1924) ei åtvaring til ein av dei tyske oversettarane sine, Marie Herzfeld (1855–1940):

Sagen er, at jeg benytter en Sprogform, der endnu ikke er helt oparbeidet. Det er endnu væsentlig et Folkesprog. Vore Ordbøger er slet ikke fuldstændige. Det vil derfor ikke sjælden hende, at jeg kommer til at benytte Udtryk, som Ordbøgerne enten slet ikke eller dog ufuldstændig forklarer. At Oversætteren i saadanne Tilfælde altid skal kunde gjætte sig til den rigtige Mening er for meget forlangt. Og navnlig ved en Bog som «Faderen», hvor en speciel Stil er søgt gjennemført, blir det vigtigt, at den rigtige Tone altid træffes og at skurrende Misforstaaelser undgaaes.Brev frå Arne Garborg til Marie Hertxfeld 4. januar 1900, NB Brevs. 64, her sitert etter Aarstein 2001, 8, note 5

Med andre ord – det er ikkje så beintfram å omsetje Garborgs bøker. Men det kan ikkje ha vore lett å skrive dei heller! Brevet til Marie Herzfeld minner oss om at dette språket er nytt – så nytt at det enno er i ferd med å bli forma. Rett nok var grammatikkane og ordbøkene til Ivar Aasen ferdige. Men litteratursrpråket – med ulike stil-nivå, dei litterære grepa i ulike sjangrar – ord og uttrykkk for stemningar og hendingar, kjensler og konfliktar, nyansar og kontrastar – han må sjølv finne fram det som råkar aller best. Andre språk har litterære tradisjonar. Men for hans språk fanst det ingen litterær tradisjon – eller nesten ingen – å stø seg på. Og no igjen skriv han i ein ny sjanger. Ja, han har skrive Trætte Mænd, det var også ei fiktiv dagbok, men det var på dansk. No må han skape ei ny dagbok – på eit nytt språk – med heilt andre stemningar: ålvor i botnen – men i Trætte Mænd galdt det å løyne ålvoret under eit flimmer av ironi – medan dagboksrivaren i Den burtkomne Faderen er omsynslaust ærleg både med desperasjonen sin og med undringa si etter kvart som stemningane skiftar. Garborg er framleis på veg som språk-kunstnar og må prøve seg fram; brevet til Marie Herzfeld viser at han sjølv er klår over det.

Denne pioner-kjensla må ha forfølgd Garborg gjennom heile forfattarskapen. Fordi bøkene hans selde godt, kom dei i stadig nye opplag. Og så lenge dei nye opplaga kom i Garborgs eiga levetid, så justerte og endra han eitt og anna i nesten kvar einaste ny utgåve. Særleg radikalt gikk han til verks etter å ha vore medlem av den «Rettskrivingsnemndi» for landsmålet, som han sat i saman med Rasmus Flo (1851–1905) og Marius Hægstad (1850–1927) i 1899. Ein del målfolk meinte at Aasen-normalen var for vest-norsk og for arkaisk til å kunne slå igjennom i dei aust-norske målføre-områda. Nynorsken ville nå fram til fleire om den låg nærmare målføra i fjell-dalane på Austlandet.

[…] desse landslutine […] hev haldi ved lag sambande med de gamle […] (og dei har) i sin maalbygnad ogso lagt de beste grunnlage til aa samle og binde saman de nye Noreg. […] I sitt maalbruk, og i vissa i ljodbygnaden […] stend dei nærast vestlande […] i den meir ytre svip paa ordi i tonelag og i endingar, stend dei i fleire maatar nærare saman med maalføri austantil og nordantil […] Det er soleis […] som dette landbande nettupp skulde vera fyrilaga til aa samle eit nyreist heilnorskt Norig. Her stend me paa den landbrui som baade bind saman dei meir eller mindre skilde landslutir i de nye Noreg, og bind dette Noreg saman med de gamle.Flo 1906, 3

For Garborg var Telemarks-tradisjonen særleg viktig. For folkevisene hadde blitt samla inn i Telemark – dei aller fleste av dei. Slik hadde telemålet vist at det dugde som materiale for språklege kunstverk. Garborg hadde skaffa seg Landstads store samling av Norske Folkeviser frå 1853 då han arbeidde med Haugtussa, og både innhaldet og språket er farga av folkevisene.Thesen 1939, 114 Likevel følgjer han i grove drag Aasen-normalen heilt fram til Den burtkomne Faderen. Men der er han i overgangen – på veg bort frå Aasen-normalen og til midlands-normalen. T. d. skriv han i romanen bunden form av inkjekjønnsord utan t, men til skilnad frå sitatet ovanfor, skriv han tredjepersons-pronomenet det med t. Og han nyttar no kløyvd infinitiv, medan han tidlegare – som Ivar Aasen – lar infinitiv ende på -a.

Men Rettskrivingsnemnda delte seg. Flo og Garborg meinte at ein skulle revidere landsmålet i retning av midlandsmålet; Hægstad meinte at ein skulle bygge vidare på Aasen-normalen, og styresmaktene støtta Hægstad. Midlandsnormalen slo aldri noko særleg igjennom. Men Garborg skifta språk; han gikk over til å følgje midlandsnormalen i alt han skreiv på nynorsk frå århundreskiftet av. (Han heldt fram med å skrive dansk i mange brev og i ein del av sakprosaen sin.) Og ikkje nok med det – etter kvart som dei eldre nynorsk-skriftene hans kom i nye utgåver, retta han alle til midlandsnormalen. Det inneber då at heile den delen av forfattarskapen som er blitt klassisk, alt frå Ein Fritenkjar og framover, ligg føre i to språk – eitt som følgjer Aasen – og eitt som følgjer midlandsnormalen; båe versjonane er Garborgs eige verk. I tillegg har han gjort mange mindre språklege justeringar i skriftene sine etter kvart som dei kom i nye einskild-utgåver.

Garborg var altså ein diktar som ikkje var redd for å gjøre endringar i bøkene sine. Men i den samanhengen er Den burtkomne Faderen likevel heilt spesiell. Det kom fem utgåver av denne boka medan Garborg enno levde; og berre i ei av dei skal det ikkje finnast endringar frå førre utgåve. Rettingane gjeld ikkje berre språket; Garborg har også endra temmeleg drastisk på innhaldet. For til denne boka skreiv han i 1908 ein oppfølgjar – ei ny fiktiv dagbok, som han kalla Heimkomin Son. Det skjedde samtidig som han arbeidde på ei samleutgåve av alle bøkene sine, Skriftir i Samling, som kom i 1909. Tittelen på den nye boka viser at dette er eit «svar» på temaet i Den burtkomne Faderen, og vi møter Paal i Kvernhusheidi att. Men dagbok-skrivaren heiter Haavard Haatun, og er ein ung bonde og lærar i veneflokken til Paal – ein av dei som kjem på husmøte hos han kvar sundag. Det sentrale innhaldet i dagboka er referat av dei preikene Paal held – og diskusjonane som følgjer dei. I følgje fiksjonen har det gått nokre år sidan Den burtkomne Faderen slutta. Og i løpet av denne tidbolken har dei planane som Paal la fram for Gunnar i kapittel XI i Den burtkomne Faderen om «heimkjøp» av ættegarden, blitt realiserte: Arven etter Gunnar er blitt nytta slik Paal ønskte, systersonen blir eigar, og Paal er gardsgut. For då å styrke den episke samanhengen mellom Den burtkomne Faderen og Heimkomin Son har Garborg no i samband med nyutgåva i Skriftir i Samling supplert teksten i Den burtkomne Faderen med fire nye kapittel; dette er kapitla XII, XXI, XLI og XLIII i den nye versjonen.

Det er grunn til å tru at Arne Garborg etter kvart har opplevd dei fire bøkene om Haave-ætta som ei lett kamuflert soge om hans eiga slekt. Det byrja med sjølvmordet til far hans, Eivind Garborg (1822–1870), og med at Arne sjølv, som var odelsgut, vraka slektsgarden. Det var slik vaksenlivet hans hadde byrja. Og slik var hovudhandlinga i romanen Fred. Men i fiksjonen kalla han slektsgarden for Haave (som han stavar Hòve frå 1909 og frametter), og den faren som tok livet av seg, heitte Enok. Yngste sonen hans heitte Paulus, og er hovudperson i dramaet Læraren – i Den burtkomne Faderen blir han oftast kalla Paal. Eldstebror hans, Gunnar, var namnet på odels-vrakaren i Fred, og er den fortvila einstøingen som i Den burtkomne Faderen har kome heim for å søke opp røtene sine.

Det plaga Arne Garborg heile livet at han sa frå seg farsgarden; han følte veldig sterkt at han gjennom dette var skuld i sjølvmordet til far sin. Så no, i mogen alder – då forfattarskapen hans skulle ut i samleutgåve – ser det ut som om han berre måtte skrive ættegarden tilbake i slekta! Heimkomin Son måtte vere rett tittel for ei slik bok. Og den boka skulle ikkje berre fortelje om heimkjøp av garden – den skulle også forklare dei samfunnsøkonomiske grepa som måtte til for at norske bønder skulle bli gjeldfrie – og såleis sikre ættegardane for sine eigne – så ikkje storkapitalen slukte dei. Dét meinte Garborg at han no hadde forstått – ved å lese den amerikanske sosialøkonomen Henry George (1839–1897). Endeleg har han ein positiv bodskap å komme med til lesarane sine. Lenge nok har han skrive om dei vanskane folk har – no meiner han å sjå korleis samfunnet bør handtere vanskane. Og alt dette bør få plass i avslutningsbandet.

Derfor, altså, hentar han fram att Den burtkomne Faderen i 1909 og skriv ein ny versjon av den for Skriftir i Samling. Og alle utgåver av denne boka som forlaget hans har sendt ut seinare, gir oss den nye versjonen. Førsteutgåva var glømt i 100 år – heilt til Time kommune – ved Sigbjørn Reime – tok til å gi ut ein serie med dei viktigaste klassikarane av Garborg, med modernisert nynorsk og ordforklaringar og merknader. I bandet med Den burtkomne Faderen kjem førsteutgåva samla fremst i boka, og så blir dei fire kapitla frå 1909 redigerte inn som tillegg bak i boka. I dette bandet har Ingvald Aarstein og redaktøren nyttige etterord. Den boka du les i no, er den første på eitt og eit kvart hundreår som presenterer førsteutgåva slik den var opphavleg – både språkleg og innhaldsmessig.

Det er tydeleg at når Garborg i 1909 gikk laus på den oppgåva det var, å styrke den episke samanhengen mellom Den burtkomne Faderen og Heimkomin Son, så makta han ikkje å kome attende til stemninga frå førsteutgåva. Dei nye kapitla i Den burtkomne Faderen frå 1909 knyter seg i staden både i stemning og stil til Heimkomin Son frå 1908. Det er som om Garborg sjølv enno «er» i Heimkomin Son – frå sommaren før. Og i denne boka var Paal i Kvernhusheidi til stades i fiksjonen mest heile vegen – og hjelpte tydelegvis både Haavard Haatun og Garborg sjølv å halde motet oppe. Så stemningsleiet er roleg, avklåra og lognt; alle spørsmål får rimelege svar; alt går i rett leid.

Under arbeidet med førsteutgåva – ti år før – var Garborg «ein heilt annan stad» reint psykisk. Han var veldig langt nede; i november 1899 skreiv han til Amalie Skram (1846–1905) at boka var skreven «i en Tilstand af Sygdom og Sjæleangst som jeg aldrig har kjendt Magen til; og mit eneste Behov og al min Trang var at finde Tanker og Ord som kunde lette og lindre […]».Brev frå Arne Garborg til Amalie Skram 27. november 1899, KB, her sitert etter Garborg 1954, 350, brev nr. 175 I januar 1900 skreiv han til Kitty Kielland (1843–1914): «Denne Bog var mig en Seier og Befrielse efter lange og vonde Fortvilelser og Mørkheder. Og jeg tror, den vil være mig en Hjælp fremdeles, ogsaa om Tiderne blev verre igjen. Jeg synes der blir en Sammenhæng i Tingene seede paa den Maade, og jeg synes jeg er kommen nærmere Lyset og det høieste, som egentlig bare er det enfoldigste.»Brev frå Arne Garborg til Kitty Kielland 21. januar 1900, NB Brevs. 129, her sitert etter Thesen 1939, 170 Litt seinare fortel han til ein ven i Amerika at han trudde han sjølv sleit med det same som far hans: «Eg trudde lengje, at det var ute med meg, og at eg haddde same Sjælesjukdomen som han Far – so likt som noko i det heile kann vera hjaa to Menneskje. Men so jamna det seg no for den Gongen, og eg fekk den vesle Boki ferdug og totte, at eg der hadde fengje fram den rette eller Jesu Kristendom. Kor lenge eg no faar leva i den Trui er kje godt aa vita.»Brev frå Arne Garborg til John Haaland 2. mars 1900, sitert etter Thesen 1939, 170

Vi ser av desse breva at medan han skreiv på Den burtkomne Faderen i 1899, så visste han djupt inne i sjela at han skreiv om seg sjølv. Men sjela hans var splitta. Den eine delen kroppsleggjorde han i Gunnar – den andre i Paal. Og det vesentlege her, er at den delen av sjela hans som vi møter i Gunnar, var i krise – ei desperat eksistensiell krise, som i den første og lengste delen av boka har etterklangar frå Job og Salmane i Det gamle testamente – der Gud er einvaldsherre og domar. Men den andre delen av den same sjela kroppsleggjør han i Paal – med etterklangar frå Det nye testamente, der Jesus er vår neste, og Gud er ein far som tilgir.Jf. Mæhle 2009, 77–98 Så i denne skriveprosessen strekte han seg med alle sjelekrefter han åtte, etter haldepunkt – von – meining. Det stod om livet; han må sjølv ha vore redd for sitt eige liv.

Men desse stemningane finst det ikkje spor av i dei fire nye kapitla i Den burtkomne Faderen slik dei tok form i Skriftir i Samling 10 år seinare. Ingvald Aarstein har gått meir konkret inn i desse tekstane.Aarstein 2001 Han karakteriserer Den burtkomne Faderen og Heimkomin Son som heilt ulike, med ulik tematikk og ulik stil. Den burtkomne Faderen handlar om eitt einskild-individ i ei livskrise, som langsamt finn fotfeste både sosialt og religiøst gjennom kontakt med bror sin. Drivkreftene i livet hans er psykologi og religion. Heimkomin Son, derimot, handlar om ei slekt som blir reintegrert i ei bygd. Her er drivkreftene økonomi og sosiologi. Når då dei nye kapitla i Den burtkomne Faderen er konstruerte for å høve med Heimkomin Son, bryt dei med Den burtkomne Faderen og gir dårleg indre samanheng i boka.

Og fordi tematikken i dei to bøkene er ulik, er også forteljemåten ulik. Framstillinga i Den burtkomne Faderen er scenisk – det er menneske som talar med kvarandre – eller med seg sjølv – eller som Gunnar i første del av boka: tenker i «indre monologar». Men dei fire nye kapitla er dominerte av handlingsreferat og sakprosa-liknande utgreiingar om norsk jordbrukspolitikk og om amerikansk sosialøkonomi. Den lyriske høgstilen er fråverande, dei fire nye kapitla er i grå kvardagsprosa. «Den burtkomne Faderen ender opp som en hybrid tekst, et uenhetlig lappverk av tekstbiter fra ulike tidsperioder», konkluderer Aarstein.Aarstein 2001, 21

Då kan ein vel hevde, med Aarstein og mange andre, at Garborg blandar korta med dei fire nye kapitla. Viss han ikkje hadde gjort det, så hadde bøkene om Haave-ætta hatt kvar sin klåre tematikk: Fred viser at kristendommen, dvs. den jærske pietismen, er sjølvsentrert og psykisk skadeleg for hovudpersonen og folk rundt han. Læraren viser at kjærleik er krevjande, og at kristendommen stiller krav – som «det kristelige samfunn» vil straffe. Den burtkomne Faderen viser oss at dét som det gjeld om, er vennskap; sann kristendom er eigentleg berre vennskap, menneskeleg varme, hjelp. Alle bøkene handlar om religion; og i alle desse tre bøkene er religionen eit spørsmål om liv og død. Hovudpersonen er sterk og strid i alle, og djupt fascinerande. Det er psykologiske portrett som vi «trur på».

Så kjem Heimkomin Son; den boka handlar nok også om religion; men her er religionen underordna andre samfunnskrefter – særleg økonomiske. Og hovudpersonen, Haavard Haatun, har ikkje temperament. Ingen av dei andre personane i boka har det heller; dei har berre intellekt; dei er talsmenn for idear. Og det er ikkje noko som står på spel; det dei dikta figurane seier, er kanskje fornuftig nok, men det liknar for mykje på sakprosa.

Vi vender då attende til originalutgåva av Den burtkomne Faderen. Denne boka har ein svært stram komposisjon.Om det følgjande jf. Bø 2018, 55–71 Boka har 50 kapittel, og i om lag kvart tiande kapittel skjer det noko avgjørande. I kapittel I gir han opp å leite etter «Faderen», og i kapittel II avviser han Paal: «Eg gjekk til Bror min og sagde han mi Meining.» I kapittel X isolerer han seg frå bygda og bygdesnakket, men i XI byrjar kontakten med Paal. I kapittel XX definerer Paal idealsamfunnet sitt som bygt på gjensidig hjelp. I kapittel XXX skriftar Paal for Gunnar, og legg slik grunnlaget for den avsluttande dialogen mellom dei. I kapittel XL får Gunnar ein potteblom av Paal – og møter eit nytt syn på skaparverket. Tidlegare har han sett på det som eit enormt samspel av fysiske krefter, men amoralsk, og derfor utan tilfredsstillande meining; Paal syner han at skaparverket er «ein Avgrunns Djup av Gaate […] det er som Blomen hadde Røterne sine i Æveheimen, inne i Guds Skapardraum». I kapittel XLIX får Gunnar «fortelja bror (sin) alt», fellesskapen med Paal blir ei slags fullending – han endar med å tru på at «Faderen» finst, Gunnar har berre ikkje funne han enno: «Kunde eg faa leva nokre Aar til og leva eit nytt Liv, so trur eg enno eg kunde finna Faderen». Og i etterskrifta om gravferda så syng kyrkjelyden om tilgiving og soning.

Eg skal ikkje her gå meir konkret inn på stilen enn eg alt har gjort. Den mest inngåande og perspektivrike stilanalysen av denne boka, er truleg i artikkelen «Arne Garborg – på leit etter den bortkomne Faderen» av Leif Mæhle frå 2009.Mæhle 2009, 77–98 Men ein kunne føye til at Bibel-stilen har ein særleg verknad. Rytmen i språket, symmetriane, motsetningane, parallellane, musikaliteten, dei slåande bilda, det naturnære, svipen av ordtak – alt løftar teksten til eit nivå langt over kvardagen. Stilen appellerer; den gjør krav på oss. Når livsvisdomen er forma slik, gjør den krav på å vere gyldig og relevant, for heile kulturkrinsen vår, gjennom fleire årtusen.

Tittelen på boka ser ut til å fortelje at «Faderen» er bortkomen. Men innhaldet i boka blir likevel eit spørsmål om det faktisk er slik. For ekkoet frå parabelen om den bortkomne sonen, spelar på håpet om at det likevel finst ein Fader – ein som er sjenerøs i kjærleiken sin – som ettergir skulda. Dagboka til Gunnar fortel at den sonen som braut opp heimanfrå for eit liv sidan, er blitt heilt åleine – ingen far, ingen nær-ståande. Men denne boka gir eit svar: vennskap. Gunnar blir møtt med vennskap, og lærer om vennskap som det eigentleg menneskelege. Kanskje vennskap mellom menneske eigentleg er Gud? «Elskar du Bror din, som du ser, elskar du og Gud, som du ikkje ser. Men etter kvart vert du synsk og ser Gud.» Er dette humanisme eller religion? Handlar det om tillit til mennesket, eller er det ein Gud attom?

Eg ser det slik at denne boka nærmar seg to klassiske «guds-bevis». Dei beviser nok ingen ting, men dei er verde å tenke over. Kapittelet om potteblomen rettar blikket mot skaparverket: Når skaparverket finst, må nokon eller noko ha skapt det. Men boka gir ikkje svaret på kven eller kva, den berre peikar på «den avgrunns djup av gåte» som ligg i den kjennsgjerninga at skaparverket finst. Det i seg sjølv er ei gåte som fyller ein med takksemd, ærefrykt og ansvar.

Boka gir eit klårare svar gjennom eit anna «guds-bevis». Båe hovudpersonane i boka meiner at dei har skyld mot medmenneske. Gunnar kvernar om att og om att om alt han har gjort av vondt – mot foreldra, mot kona og mange andre. Prektige Paal skriftar for Gunnar, og får tilgiving, som han set veldig pris på. Og som vi alt har vore inne på, meinte Garborg sjølv at han var skyldig i sjølvmordet til faren, ved at han vraka odelsgarden. Han hadde skyld – ikkje berre skyldkjensle. Men viss han hadde skyld, då må det finnast eit slags moralsk imperativ i tilveret, som menneskearten har kjensle for, og som gjør det mogeleg for oss – til skilnad frå andre organiske skapningar – å skilje mellom godt og vondt. Dette moralske imperativet ser ut til å ha vore ein religiøs realitet for Garborg. Han utviklar denne tanken vidare i den teologiske avhandlinga Jesus Messias frå 1906.

Amalie Skram kalla Den burtkomne Faderen for «Kvintessensen af alle Biblers Bibel».I brev frå Amalie Skram til Arne Garborg 23. november 1899, trykt t.d. i Skram 1955, 178–179 Og sjølv vedgår eg gjerne at den fyller denne lesaren med takksemd og tillit. Ein får innsikter om menneskeleg samkvem av den. Ja, ein trur litt meir på mennesket etter å ha lese denne boka enn ein gjorde før ein byrja på første side.


Litteratur

Bø, Gudleiv 2018. Jesus frå Jæren. Arne Garborgs kristendom. Oslo: Novus.

Flo, Rasmus 1906. Midlandsmaal etter Framlegge fraa Rettskrivingsnemndi i 1899 ved Arne Garborg. Kristiania: Olaf Norlis Forlag.

Garborg, Arne 1954. Mogning og manndom. Brev. Utgave ved Johs A. Dahle og Rolv Thesen. Oslo: Aschehoug.

Mæhle, Leif 2009. «Arne Garborg – på leit etter den bortkomne Faderen». I: Diktarar på leiting. Litterære studiar og artiklar, s. 77–98. Oslo: Novus.

Reime, Sigbjørn 2008. «Frå den burtkomne til den bortkomne Faderen» (etterord). I: Arne Garborg: Den bortkomne Faderen. Tekstrevidert utgåve med fotnotar og forklaringar, s. 88–94. Time: Time kommune.

Skram, Amalie 1955. Mellem slagene. Brev i utvalg. Ved Eugenia Kielland. Oslo: Aschehoug.

Thesen, Rolv 1939. Arne Garborg. Europear og jærbu. Oslo: Aschehoug.

Aarstein, Ingvald 2001. «Tekstrevisjon i Den burtkomne Faderen».
I: Norskrift 2001, 102, s. 5–26. Oslo: Institutt for nordistikk og litteraturvitenskap, Universitetet i Oslo.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Den burtkomne Faderen

Kommentert utgave ved Gudleiv Bø. Teksten er basert på 1. utgave fra 1899 og Bø presenterer teksten slik den var opprinnelig, både språklig og innholdsmessig.

Arne Garborg var en dikter som ikke var redd for å gjøre endringer i bøkene sine. Den burtkomne Faderen kom ut fem ganger i Garborgs levetid og i alle var det endringer fra forrige utgave. Rettelsene gjaldt ikke bare språket, Garborg endret også innholdet i teksten ganske drastisk; i forbindelse med utgivelsen av Skriftir i Samling 1909 ble det for eksempel lagt til fire nyskrevne kapitler.

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.