Den burtkomne Faderen

av Arne Garborg

XLI.

«Som Soli stend og Jordi gjeng, tvert imot det me ser, so er i høge og høgste Livsringar Sanningi motsett det som synest.

Eit Barn trur, at det naar Himmelen fraa næraste Leite.Leite] synsrand Den gamle veit at han maa gjenom Gravi fyrst.

98Vil du vinna Ros og legg deg ut etter Ros, vert du til Narr; men gjer du godt Verk og ikkje tenkjer paa Ros, veit du kje av fyrr Namne ditt gjeng med Lov gjenom alle Grender.

Den som vil vinna eit Kvende segjer ikkje til henne: du skal elska meg; han segjer: eg elskar deg. Og han legg seg ut um aa visa henne sin Kjærleik.

SlaaSlaa] snyte til seg Pengar eller stela Pengar synest den beinaste Vegen til Rikdom, men er Vegen til aa missa alt.

Kvi Folk er so uglade? Dei gjeng og ventar si Glede fraa andre. Dei skulde gleda andre; so vart dei glade.

Me trur paa det som synest, og løyp Narr.løyp Narr] laupa narr: dumme seg ut ved å springe omkring til fånyttes Me vil upp i Himmelen fraa næraste Leite og vil gaa Snarvegar til Livsens gode Ting. Men den som gjev, vinn, og den som tek, misser.

Tena skal den som vil vera stor; men i Verdi vil alle vera Herrar og 99vert Trælar. Og i denne Tidi vilde alle vera like og frie, og vart alle like ufrie.

Og Live og alle gode Ting vart sette upp til eit Rov for dei sterkaste; difor gjekk denne Tidi upp i Blod, og skal gaa ned i Eld. For Live er ikkje eit Rov for dei sterkaste; det er ei Løn for dei trugnaste.»

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Den burtkomne Faderen

Kommentert utgave ved Gudleiv Bø. Teksten er basert på 1. utgave fra 1899 og Bø presenterer teksten slik den var opprinnelig, både språklig og innholdsmessig.

Arne Garborg var en dikter som ikke var redd for å gjøre endringer i bøkene sine. Den burtkomne Faderen kom ut fem ganger i Garborgs levetid og i alle var det endringer fra forrige utgave. Rettelsene gjaldt ikke bare språket, Garborg endret også innholdet i teksten ganske drastisk; i forbindelse med utgivelsen av Skriftir i Samling 1909 ble det for eksempel lagt til fire nyskrevne kapitler.

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.