81Eg segjer: «Kann du kje med Grunnar læra meg Gud og eit anna Liv?»
Han svarar: «Du veit kva den skeptiske Filosofi segjer, den gamle Visdom som alltid vert ny: Tanken kann skilja sund og løysa upp; berre Live kann byggja og skapa. Alt vert med Grunnar rivi som med Grunnar er bygt. Skal du leva paa noko, maa du leva deg til det.»
«Alt me elles veit, er bygt paa Grunnar.»
«Alt me elles veit, er bygt paa Røynsle, og endaa berre trur me det.
Du kjenner dei vise? Der er tvo Kunnskapsvegar, Tanken og Røynsla; dei er baae gode; ingen av dei fører fram. Klaart viser dei tenkjande oss, at Røynsla sviv i Lufti; klaart viser 82dei røynande oss, at Tanken driv i Skyerne; alle vedgjeng, at Vissa ikkje er aa naa. Og den skeptiske Visdom vert alltid ny: inkje noko er sant; alt hev Rett so langt som det tener Live.»
«Den Vissa eg hev um Gravitationen, er eg nøgd med.»
«Eg og. Men kva Grunnar hev du for Gravitationen? Me trur paa det som me røyner oss til.»
Me talar meir um Vitskap; og han segjer:
«Me maa vita alt. Heile denne Verdi maa me røyna ut, og oss sjølve med; og me maa vita kva det er me kallar Live.
Kann hende er me som Baani, som riv sund Leikurne sine og vil sjaa kva som inni er; og naar dei det hev set, er dei leide av Leikurne sine. Men endaa maa dei rive dei sund. Og so er det med oss. Det nyttar korkje Baal eller Bann: GalilæiGalilæi] Galileo Galilæi (1564–1642), italiensk fysikar og astronom, vart dømd til husarrest på livstid fordi han hevda at jorda gjekk i bane rundt sola maa rekne og mæle.
83Kor det daa gjeng med Trui?
Den Verdi som er, granskar me ut. Det som du kallar Tru, det hev berre med den Verdi aa gjera som me skal skapa.»
Boken er utgitt av Det norske språk- og litteraturselskap
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Kommentert utgave ved Gudleiv Bø. Teksten er basert på 1. utgave fra 1899 og Bø presenterer teksten slik den var opprinnelig, både språklig og innholdsmessig.
Arne Garborg var en dikter som ikke var redd for å gjøre endringer i bøkene sine. Den burtkomne Faderen kom ut fem ganger i Garborgs levetid og i alle var det endringer fra forrige utgave. Rettelsene gjaldt ikke bare språket, Garborg endret også innholdet i teksten ganske drastisk; i forbindelse med utgivelsen av Skriftir i Samling 1909 ble det for eksempel lagt til fire nyskrevne kapitler.
Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.